Tilgjengelighetserklæring for folldal.kirken.no
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Pinsefrukost i Dalen kyrkje
Etter morgonmessa i Dalen kyrkje var det frukost i midtgangen.
Det har i mange år vore tradisjon at soknerådet (menighetsrådet) ber inn til frukost etter gudstenesta om morgonen fyrste eller andre pinsedag - annakvart år i Dalen og Folldal. I år var det Dalen sin tur. I staden for å nytte samfunnshuset til frukosten vart det sett fram benkar i midtgangen. Forsamlinga kosa seg med frukosten, om ikkje i det grøne, så i alle fall med den vakre geitfrivillen (mogopen) som pynt på benken i midten.
Om lag 25 tok del i messa. Her ser vi eit utsnitt av forsamlinga før frukosten.
(Foto: Mari Spydevold)