Tilgjengelighetserklæring for folldal.kirken.no
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Salmekveld i Dalen kyrkje med kyrkjekaffe og årsmøte
Søndag 7. mars kl 19.30 er det salmekveld i Dalen kyrkje med kyrkjekaffe og årsmøte i Fjellheim samfunnshus. Under årsmøtet blir kyrkjelyden beden om å ta stilling til søknad om samarbeid med 3 andre kyrkjelege fellesråd i Nord-Østerdal.
Under salmekvelden brukar vi salmar frå både Norsk Salmebok (1985) og Salmer 1997. Mellom anna er desse to titlane sett opp: Klippe, du som brast for meg og Klapp, alle hender i glede.
På kyrkjekaffen held Øvre Folldal sokn sitt årsmøte, der rekneskap og årsmelding blir lagt fram. Rekneskap (utdrag) og årsmelding for 2009 kan du lese her:
Regnskapsutdrag, Soknerådet 2009.xls
Årsmelding for Øvre Folldal Sokneråd 2009.doc
I tillegg skal årsmøtet handsama denne saka:
Kyrkjesamarbeid i Nord-Østerdal, tilråding av søknad til departementet om dispensasjon frå Kyrkjeloven. Dei kyrkjelege fellesråda i Tolga, Tynset, Alvdal og Folldal søker om å inngå samarbeid på tvers av fellesrådsgrensene (kommunegrensene). Eit prøveprosjekt er allereie i gang der eit fellesråd, ein "vert", utfører lovpålagte oppgåver på vegne av dei andre fellesråda. Føremålet med prosjektet er at dei lokale kyrkjekontora kan setje bort nokre oppgåver mot å spesialisere seg innan andre område. Samarbeidsmodellen krev dispensasjon frå Kyrkjeloven sin § 5, og årsmøtet blir bede om å gje si tilslutning til søknaden om dette.