Folldal kirkelige fellesråd. Kontonr. 1895.08.08620, vipps 69 58 25. Kontonr. nytt orgel: 1822.31.91157, vipps 75 65 50
Tilgjengeligheitserklæring

Tilgjengelighetserklæring for folldal.kirken.no

Les tilgjengelighetserklæringen
KALENDER

torsdag 18 april
Folldal kirke
søndag 21 april
Dalen kyrkje
søndag 28 april
Rondaheim
torsdag 9 mai
Egnund kapell
søndag 12 mai
Folldal kirke
fredag 17 mai
Folldal kirke
Dalen kyrkje
søndag 19 mai
Dalen kyrkje

Nyheter

Besøksdag til Dalen kyrkje frå Folldal Bo- og Servicesenter

I går var bebuarar ved Folldal Bo- og Servicesenter (sjukeheimen) på besøk til Dalen kyrkje og kyrkjegard. Regnvêr ute, hygge inne.

Bebuarar som er frå Dalen og no bur på sjukeheimen, var denne dagen invitert til å besøke kyrkja si  på Dalholen. Saman med gode medhjelparar vart det ein fin tur til Dalen kyrkje. Nokre trassa òg regnvêret og nytta høvet til å sjå om gravstadene til familien. I kyrkja var det andakt og song, nokre tonar frå piano og orgel, og deretter kaffe og kjeks ved improvisert "langbord" i midtgangen. Etter kaffen vart det tid til å studere eit par av kyrkjetekstilane våre (messehaklar). Blant dei som var i kyrkja denne dagen, var det fleire som er flinke til å handtere nål og tråd, og forstår seg godt på søm og handarbeid.

Det var diakoniutvalet som stod for arrangementet, i samarbeid med Bo- og Servicesenteret.


Benk og bord: Enkel, men god rast - i Guds hus.


I tårnet: Aktivitør Bjørg og pleiar Reidun var oppi klokketårnet ein tur.

Publisert av: Eivind Vinje den 01-07-2010
Kontaktinfo

Folldal kirkekontor
Gruvvegen 7, 2580 Folldal
62 49 10 00
soknepresten@folldal.kirken.no   
kyrkjevergen@folldal.kirken.no 

Selvbetjening - medl.register

https://kirken.no/medlem